DJI 20240821190225 0194 D HDR 319 utdokking web

Sjøsetting av Olympic sitt andre CSOV-skip

På onsdag 21. august 2024, ein månad etter leveringa av 'Olympic Boreas', sjøsette Ulstein Verft 'Olympic Notos',  som er det andre havvindskipet av typen Construction Service Operation Vessel (CSOV) for Olympic. Begge fartøya er baserte på den innovative TWIN X-STERN-løysinga, eit konsept omtala som ein ‘firehjulstrekk' for havet.

Frå skrog til høgteknologi

- Det har vore nokre hektiske, men strukturerte, månader sidan skroget kom i mai, seier prosjektleiar Helge Torvik ved Ulstein Verft. - Erfaringa frå det første prosjektet er veldig verdifull for oss, og eg er fornøgd med det vi har oppnådd så langt.

Prosjektleiaren forklarar at skroget gradvis har vorte omdanna til eit toppmoderne fartøy under opphaldet i dokkhallen. Beskytta mot vêret har utrustingsarbeid som rørlegging og mekaniske installasjonar, innreiing, elektriske installasjonar og utvendig målararbeid vorte utførte i samsvar med planen. Den neste fasen er igangkøyringsfasen, som allereie har starta.

  • DJI 20240821190225 0194 D HDR 319 utdokking web
  • DJI 20240821190509 0204 D HDR 319 utdokking web
  • DJI 20240821185947 0180 D 319 utdokking web
  • DJI 20240821191659 0260 D 319 utdokking web
  • DJI 20240821194702 0385 D HDR 319 utdokking web

Om fartøya

Kontrakten mellom Olympic og Ulstein vart signert i 2022 og inneber design, engineering og bygging av to CSOV-skip ved Ulstein Verft. Skroga vert bygde ved Crist-verftet i Polen. Fartøya har dieselelektrisk framdrift med variabelt turtal i kombinasjon med store batterisystem. Ulstein Power & Control skal levere ein omfattande kraft- og automasjonspakke, inkludert ein stor batterileveranse til skipa.

Fartøya er baserte på ULSTEIN SX222-designet frå Ulstein Design & Solutions AS. Dei har ei lengd på 89,6 meter og ei breidd på 19,2 meter og har plass til 126 personar fordelte på 91 lugarar med dagslys.

Skrogforma og det hybride framdriftssystemet vil sikre høge operasjonelle ytingar, gode sjøeigenskapar og redusert avtrykk.

Om selskapa

Fosnavågreiarlaget Olympic har ein flåte som opererer i marknaden for subseaservice og fornybar energi. Ulstein Group er ei gruppe maritime selskap med hovudkontor i Ulsteinvik.

Siste nytt

3 D image of the new trenching support vessel Jan De Nul ordered 2 2
Pressemelding

Jan De Nul kontraherer Ulstein Design & Solutions AS for design av subsea trenching-fartøy

Ulsteinvik, 10. mars 2026 – Jan De Nul har valt eit spesialframstilt fartøydesign frå Ulstein Design & Solutions AS til den nyaste utvidinga av offshoreflåten sin. Realiseringa av subsea trenchingfartøyet markerer ein milepåle i samarbeidet mellom to leiande maritime innovatørar. Fartøyet er planlagt levert i 2028.

Det grunnleggande designet byggjer på eit robust og globalt velprøvd subseafartøydesign.

Jonas Ulstein
Artikkel

Statsministerbesøk: Det som står på spel for norsk industri og kystsamfunn

Styreleiar Tore Ulstein, konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group og leiinga i Ulstein Verft, ønskte statsministeren velkomen til Ulstein torsdag 5. mars. I ei tid med rask omstilling, aukande geopolitisk uro og stor internasjonal konkurranse, var besøket frå statsministeren eit godt høve til å snakke om framtida for norske industrimiljø og lokalsamfunn langs kysten.

Representantar frå Ulstein Power og Control i demolabben
Pressemelding

Ulstein Power & Control inngår kontrakt på systemleveransar til to kabelleggingsfartøy

Ulstein Power & Control har skrive kontrakt om levering av komplette, hybride kraft- og automasjonssystem til to kabelleggingsfartøy som skal byggast for OMS Group ved Ulstein Verft. - Dette er ein viktig kontrakt for oss og stadfestar vår posisjon som ein leiande leverandør av system for komplekse maritime operasjonar, seier administrerande direktør Peter Pilskog.