Shanghai Electrics 'ZHI ZHEN 100' gjennomførte test av offshoreutstyr
Det Ulstein-designa fartøyet ' ZHI ZHEN 100' har gjennomgått ei omfattande testing av utstyr ved Shanghai Electric sin vindpark.
Ulstein er eit tredje generasjons familieeigd selskap og ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip.
Vi skal fortsette å gjere visjonar om til verkelegheit saman med våre kundar og vere ein pådrivar i den maritime industrien.
Ulstein har i over 100 år hatt evne til å sjå og utnytte mulegheiter. Gjennom skiftande tider i den maritime næringa har Ulstein hatt god utvikling.
Med hardt arbeid og skaparglede skal vi halde fram med å fornye oss og bruke kompetansen vår til det beste for kundane våre.
Skipsbygging er både ein kunst og ein vitskap, som krev høg kompetanse og ein arbeidsstyrke som greier å levere produkt som bidreg til langsiktig konkurransekraft. Vi er ein påliteleg partnar for nybygg og ettermarknadsprosjekt.
Ved å designe eit fartøy er vi med på å forme framtida til den maritime næringa. Ved å levere berekraftige og effektive løysingar kan vi yte vårt til å skape ei næring som er svært konkurransedyktig og miljøbevisst.
Som systemintegrator av kraft- og kontrolløysingar på skip kan vi vere med å gjere fartøysoperasjonar grønare og meir kostnadseffektive, og som aukar konkurransekrafta di. Det er vinn-vinn for deg og miljøet.
I meir enn 100 år har vi levd opp til forventningar i marknaden, og vi har vore nytenkande og nyskapande. I samarbeid med kundar, verft, leverandørar og klassifikasjonsselskap har vi vore med på å forma den maritime næringa.
Kundane våre treng ein partnar som bidreg til at dei får auka konkurranse-fortrinna og redusert risikoane dei møter. Gjennom ei systematisk tilnærming til innovasjon, skal vi vere ein god partnar. Vi skal bidra til at kundane kan halde tritt med skiftande standardar og krav til yting – ikkje berre for det som gjeld i dag, men også for krava som vil kome.
Det Ulstein-designa fartøyet ' ZHI ZHEN 100' har gjennomgått ei omfattande testing av utstyr ved Shanghai Electric sin vindpark.
Den 4. april 2024 vart det markert kjølstrekk for det nyaste kabelleggingsskipet til Nexans, som vil få namnet Nexans Electra. Fartøyet skal transportere og legge ulike typar sjøkablar, inkludert kabelbunting, og gjenopphenting og reparasjonar for Nexans Marine Operations AS.
Laurdag 6. april vart konstruksjonsstøttefartøyet (CSOV) Olympic Boreas dokka ut frå dokkhallen ved Ulstein Verft. Skipet er basert på den nye TWIN X-STERN-løysinga - sjøens svar på 'firhjulsdrift', i følgje reiarlaget.
Ulstein Verft skal bygge om fôrbåten Eidsvaag Pioner med eit moderne fôrsystem. Dette er eit stort og omfattande prosjekt som krev mange endringar. Særleg stort omfang er det innan stålområdet.
Fredag 23. februar kom fôrbåten Eidsvaag Pioner til Ulstein Verft. Båten, tilhøyrande Eidsvaag AS på Frøya i Trøndelag skal gjennom ei stor ombygging. Arbeidet på skipet vil vare om lag 4-5 månader.
Den 6. februar 2024 vart det gjennomført krengeprøve av ULSTEIN SX197-fartøyet for Shanghai Electric. Ulstein sine representantar var Enwang Liu og Ford Liu (Ulstein China) og Radovan Gasparovic og Adrian Fotache (Ulstein Design & Solutions AS). Li Chao leia krengeprøva på vegner av byggeverftet ZPMC.
Dei to Ulstein-designa CSOV-nybygga som er under bygging for Bernhard Schulte Offshore har nådd viktige fasar i byggeprogrammet. Brennestarts- og kjølstrekkseremoniane for byggnummer 321 og 320 vart haldne på skrogverftet Crist den 30. januar 2024.
I november 2023 kom den tidlegare konsernsjefen i Ulstein Group, Gunvor Ulstein, tilbake som konstituert konsernsjef. I eit styremøte i Ulstein Group den 25. januar 2024 vart ho utnemnd som konsernsjef i Ulstein Group.
Den 19. januar 2024, på dagen fire månader etter at skipsbyggingskontrakten vart signert, kunne Nexans Marine Operations AS og Ulstein Verft feire oppstarten på bygginga av Nexans sitt neste kabelleggingsfartøy. Til stades på brennestartsseremonien ved skrogverftet Crist var representantar frå Nexans, Ulstein Verft, DNV og Crist.
Vi er ein langsiktig partnar som kontinuerleg arbeider for å sikre framtidig konkurranseevne og berekraftig vekst.
Ulstein Group ASA