Nyheiter og artiklar

I Ulstein gjer vi visjonar om til verkelegheit, og vi skal vere ein pådrivar for framgang i den maritime næringa. 

Gjennom nyheitene og artiklane våre kan du lære meir om korleis vi jobbar i lag med kundar og partnarar og skaper konkurransekraft i næringa.

Gunvor Ulstein photo Marius Beck Dahle
Pressemelding

Gunvor Ulstein utnemnd som konsernsjef i Ulstein Group

I november 2023 kom den tidlegare konsernsjefen i Ulstein Group, Gunvor Ulstein, tilbake som konstituert konsernsjef. I eit styremøte i Ulstein Group den 25. januar 2024 vart ho utnemnd som konsernsjef i Ulstein Group.

Steel cut cermony Nexans nb 317
Pressemelding

Brennestart for Nexans sin neste CLV

Den 19. januar 2024, på dagen fire månader etter at skipsbyggingskontrakten vart signert, kunne Nexans Marine Operations AS og Ulstein Verft feire oppstarten på bygginga av Nexans sitt neste kabelleggingsfartøy. Til stades på brennestartsseremonien ved skrogverftet Crist var representantar frå Nexans, Ulstein Verft, DNV og Crist. 

Ulstein Verft DJI 0125
Pressemelding

Endra leiing i Ulstein Group

Konsernsjef i Ulstein Group, Cathrine Kristiseter Marti, har valt å  takke ja til ei ny moglegheit utanfor konsernet og seier dermed opp stillinga si. Tidlegare konsernsjef Gunvor Ulstein går inn som konstituert konsernsjef frå 29. november 2023.

8900
Artikkel

Ulstein Marine Equipment

Ulstein Marine Equipment vart etablert i 2007 og er lokalisert i Nordic Industry Park i Ningbo, Kina. Selskapet er ei nøkkelbedrift i Ulstein Group, og produserer høgkvalitets tavler og skap, bru- og automasjonssystem, og kommunikasjonssystemet ULSTEIN COM. Pålitelege leveransar med høg standard i maritim teknologi er eit fokusområde.

SX124 Shearwater Oct22 Transit In Waves SB Side 2
Oppdatering

Første tilbakemelding frå SW Tasman

Shearwater GeoServices sitt nykonverterte seismikkskip, 'SW Tasman', har vore i arbeid sidan juli 2023. Skipet har to ROV-ar, og oppgåver knytt til nodar, som tidlegare vart utførde av to skip, har no blitt gjennomført av berre eitt. Meir plass, enklare tilgang og gode løysingar i arbeidsarealet vert nemnde blant dei positive tilbakemeldingane frå mannskapet.